SKAG Design er eit lite, kreativt og fleksibelt designbyrå. Me jobbar no med designoppdrag frå ulike kundar, både bedrifter og private kundar, og me er så heldige som får arbeida med det me elskar! Me elskar design!

SKAG Design er det einaste reklamebyrået på Stord som kan tilby våre kundar leveranse på dagen- til ein god pris. Lokala våre på Vabakkjen inneheld ein stor maskinpark som produserar folie, klistremerker og skilt. SKAG Design vart etablert i 2016 av Silvia Karlsen og Anne Grethe S. Dahl. Mellom oss har me 23-års erfaring frå reklamebyrå. Me har utvida staben vår og har no totalt 4 ansatte.

Silvia har bakgrunn frå Norges Kreative Fagskule (Bachelor Grafisk Design) og Central Queensland Australia (Bachelor Multimedia Design) og mange år i reklamebyrå, avis og trykkeri. Ho har jobba som  illustratør både med barnebøker og for helseindustrien med medisinske illustrasjonar og andre oppdrag. Ho har òg jobba eindel med prosjektledelse og grafisk design i forbindelse med bøker og magasin.
Silvia er ein multikunstnar, og det er ikkje ein ting ho ikkje kan utføra på Mac`en 🙂

Kontakt Silvia:
Telefon: 456 87 891
E-post: silvia@skag.design

Twist-favoritt: lakris

Anne Grethe er utdanna grafisk designer frå Norges Kreative Høgskule samt har teke kunst og håndtverksstudier på Høgskulen på Vestlandet. Ho har tidlegare jobba som freelance illustratør og med grafisk design på oppdrag. Anne Grethe har også erfaring frå leverandørindustrien i regionen. Ho har ei eigen evne til å finne dei beste kreative løysningane for kundane.

Kontakt Anne Grethe:
Telefon: 952 67 560
E-post: annegrethe@skag.design

Twist-favoritt: lakris

Gunhild Aksdal har Bachelor i Grafisk Design frå University of Hertfordshire i England og Norges Kreative Høgskule i Bergen. Ho har lenge jobba som grafiker i avis og har tidlegare hatt eige designføretak på Stord. Gunhild har eit auga for korleis du best kan få fram ditt bodskap, om
det så er til annonser, årsrapportar eller magasin. Me kan i òg legge til at ho er Skag sin photoshop-guru! 🙂

Kontakt Gunhild :
Telefon: 416 93 205
E-post: gunhild@skag.design

Twist-favoritt: nøtti

Arne Sæbø er utdanna grafisk designer frå NTNU på Gjøvik. Han har jobba i produksjonen hos Skag design sidan april 2019. Arne har kontroll på alt som foregår i trykkeriet. Han har god erfaring med trykksaker, og korleis DIN trykksak skal bli lagt merke til. Treng du veiledning på papir, stifting eller spiralisering kan du spørja Arne.

Kontakt Arne:
E-post: post@skag.design