Me laga programhefte, bokmerke, plakatar, visittkort, diplomar, (tryka på paperwise papiret sjølvsagt), i tillegg til bannere og flagg. 
Henta frå nettsida http://www.falturiltu.no:
«Falturiltu er verdas største nynorske barnebokfestival, og den går føre seg på Stord i veke 45 kvart år.
I 2020 er Atle Hansen festivalforfattar, og det vil bli spesielt fokus på lettlesbøker!
Falturiltu 2019 hadde eit besøk på cirka 7000, og var innom 12 kommunar med 99 ulike arrangement.
Festivalen samarbeider tett med Høgskulen på Vestlandet, SILK – Skudeneshavn internasjonale litteratur og kulturfestival, bLEST – Litteraturfest i Tysvær, Sunnhordland Museum, Biblioteka i Sunnhordland, Stord vidaregåande skule, Bømlo kulturhus, Stord Mållag, Stord kulturskule, Øyobiblioteket og mange, mange fleire.»