Utsmykking av VERKET 2 etg på Vabakkjen 6.

På Vabakkjen er det mykje som skjer. I toppetasjen har Atheno sine lokaler, med sin inkubator samt grûnderbedrifter. Me i Skag Design & Trykkeri har tidlegare hatt dette som kontorlokaler som inkubatorbedrift.

Då det skulle pussast opp i 2 etg på byggjet, fekk me i oppdrag å foliere, utsmykke og dekorere heile etasjen.

Her var me i fleire samtalar med huseigar, for å kome fram til gode løysningar.
Me ønska å få naturen inn i dette kontorhotellet, og her ser de ein smakebit av korleis det blei (men kom heller innom å sjå!).